|
|
LEIGE AV SOLSTRÅLEHUSET
Huset har enkel standard og inneheld kjøkken, to stover og tre soverom. Det er elektrisitet innlagt og varmt og kaldt vatn på kjøkkenet. I eine stova er det vedomn.
Kjøkkenet er enkelt utstyrt med hybelkomfyr, kjøleskap, kaffitraktar og elles dekketøy til 20 - 30 personar.
Stearinlys, toalettpapir og fyrstikker er lurt å ha med.
Soveromma har senger til 8 personar (+ 1 barneseng). Ta med sovepose. (Det er 6 sommardyner / puter, ta i så fall med sengetøy).
Nytt utedo.
På grunn av brannforskriftene vert huset ikkje utleigd for fleire enn 10 personar.
Aldersgrense for å leige huset: 20 år
Dei som leiger huset pliktar å rydda og gjere reint etter seg. Hugs å ta med matrestar, boss og tomgods.
Forlat huset og området rundt slik du sjølv ønskjer å finne det.
|