Skal du leiga Solstrålehuset? Då kan du ta utskrift av denne informasjonen, slik at du har reglar og huskeliste lett tilgjengeleg på turen. For å ta utskrift trykker du på knappen med skrivar-ikon øvst i nettlesaren din, eller veljer "Fil" og "Skriv ut".

*******************

I den austre enden av det vakre Godøysundet på Tysnes ligg ei heilt spesiell og vakker øy.

I 1889 blei den kjøpt av ein eksentrisk engelskmann som bygde eit fantasifullt treslott med parkanlegg kringom og kalla øya for Solstråleøen.

I 1906 - etter å ha flytta tilbake til England, gav han øya til kronprins Olav. Treslottet vart rive og i 1930 bygde kronprinsen ei hytte og ein vaktmeisterbustad på øya. I seinare tid er denne prinsehytta vorten flytta til Godøysund hotell.

I 1992 gav kongen øya tilbake til allmugen som friluftsområde. No sit me igjen med ei øy med si spesielle soge, ein restaurert vaktmeisterbustad og ein vedunderleg park som har sove sin Tornerosesøvn i meir enn hundre år.

Men midt inne på øya har det gjennom desse åra blitt skapt ei perle, eit rom, ein sal, som ein katedral, med høge søyler og ei himling av lauv. Eit utifrå konsertlokale du knapt har sett maken til, med ein scene dekka av eføy under ein loddrett fjellvegg. Ein scene som i vakre sommarkveldar blir opplyst av sola sitt fargespel mellom høge trekroner. På den andre sida har naturen gjeve oss eit amfi som kan romma hundretals av tilskodarar.

Velkommen til ei sjeldan oppleving på ein heilt spesiell stad.

*******************

LEIGE AV SOLSTRÅLEHUSET

Huset har enkel standard og inneheld kjøkken, to stover og tre soverom. Det er elektrisitet innlagt og varmt og kaldt vatn på kjøkkenet.
I eine stova er det vedomn.

Kjøkkenet er enkelt utstyrt med hybelkomfyr, kjøleskap, kaffitraktar og elles dekketøy til 20 - 30 personar.

Stearinlys, toalettpapir og fyrstikker er lurt å ha med.

Soveromma har senger til 8 personar (+ 1 barneseng). Ta med sovepose. (Det er 6 sommardyner / puter, ta i så fall med sengetøy).

Nytt utedo.

På grunn av brannforskriftene vert huset ikkje utleigd for fleire enn 10 personar.

Aldersgrense for å leige huset: 20 år

Dei som leiger huset pliktar å rydda og gjere reint etter seg. Hugs å ta med matrestar, boss og tomgods.

Forlat huset og området rundt slik du sjølv ønskjer å finne det.

*******************

UTLEIGEPRISAR OG VILKÅR:

Døgnpris: kr. 500.-
1 veke: kr. 3000.-

Døgnskille kl. 16.00

(Solstråleøya venelag, kontonr: 3525.11.03699 )

Frist for betaling : 1 veke

Huset kan tingast ved å kontakte Regine Lunde, tlf : 95 78 90 35

Nøkkel til huset: Etter avtale med Regine Lunde.

Huset kan leigast for maksimalt sju dagar i sommarsesongen. Leigetid kan utvidast dersom det ikkje har meldt seg andre leigetakarar.

Leigetakar er ansvarleg for mogleg skadeverk på hus og inventar.

Det vert å inngå skriftleg avtale.

*******************

BLI MEDLEM
 
Bli medlem i Solstråleøyas Venelag.
Prisen er kr. 200,- pr. år
Familiepris: 300,- pr. år, pr. fam.


Betaling kan skje til Solstråleøya venelag
kontonr: 3525.11.03699
NB! (merk innbetalinga med "SOLVE Medlemskontingent for Ditt Namn"

Ynskjer du kontakt med oss, kan det gjerast til:
Regine Lunde: tlf. 95 78 90 35, eller

*******************

VELKOMMEN TIL SOLSTRÅLEHUSET

HUSREGLAR

- Plugg inn kontakten v. kjøkenglaset FØR du tappar vatn (for å starte pumpa).

- Sett i støpsel for kjøkenbenk ( for beredar, kjøleskap og plater)

(ta dei ut når du reiser).

- Heng opp plakaten i dørglaset som fortel at huset er utleigd.

- Sjå i spiskammers, skuffer og skap, så finn du kanskje det du leitar etter.

- Vask og rydd etter deg. Ta med deg matrestar, boss og tomgods.

- Fint om du noterer evt. øydelagde ting (så me kan fornye).

- Fint om du noterer ting du saknar, me set pris på gode tips.

- Handtering av vedomn : La oska vere i omnen.

FORLAT HUSET SOM DU SJØLV ØNSKJER Å FINNE DET.

Dersom du treng kontakt med oss:
Regine Lunde 95 78 90 35